Tacna, Peru

08 desember, 2011

Skrifta på veggen/Bildet på veggen
Ja nokre gongar i Bibelen leser ein om at ting vart skreve med Guds finger på veggen eller på steintavler eller på andre ting. Ikkje alltid vi får ting på denne måten fra Gud akkurat. Noko eg har fått lov å oppleve er at eg ser bilder på veggen....Altså for å forklare det litt meir så betyr det at eg i tapetmønster eller på murvegger ved hjelp av linjer og kruseduller plutseleg og veldig ofte og tydeleg ser ansikter i mønsteret. Det har ikkje klikka for meg alstå....men grunnen til at eg forteller det er at eg etter at eg kom til Tacna ser ansikter av eldre mennesker. Ein gang eg var på butikken fekk eg spørsmål om eg ville gi pengar til eit formål som eg ikkje forstod kva var. Dermed sa eg nei takk. men etterpå fortalte Wilbe meg at folk hadde sett litt rart på meg for eg hadde akkurat sagt nei takk til å støtte ein sjukeheim med ca 50 øre. Ups det var ikkje so bra. Men etter det kom tanken om å begynne å besøke denne sjukeheimen og synge for dei. Huskar at da eg var lita tok pappa meg med på aldersheimen og helste på dei gamle. Det likte dei, og det likte eg. Det var kjekt å sjå kor takknemlege dei var. Eg har ikkje fått besøkt denne sjukeheimen enda, men idag blei eg igjen minna på at eg skal det. Då eg gjekk rundt på markedet idag ilag med denne jenta i kirka på 10 år, fortalte ho meg at ho syntes at presidenten i landet skulle ordne med fleire aldersheimar her i landet. Ho syntes det var fælt å sjå eldre mennesker gå rundt og arbeide og vere skrøpelege. Eg sa til ho at det var eg heilt enig i og fortalte at eg hadde lyst å besøke ein slik aldersheim og synge for dei. Då lyste ho opp. Denne jenta er glad i å synge og ho vil gjerne vere med meg ein gang. ja så då var det ikkje berre eg i menigheta som hadde tenkt den tanken. ja so no må vi snart komme oss avgårde på besøk. Det finst berre ein sjukeheim/aldersheim i Tacna by med 300 000 innbyggarar...så det seier jo sitt. Be for dette om at dørene må opne seg for oss der slik at vi får kome på besøk og synge for dei.