Tacna, Peru

20 april, 2008

1 års jubileum Kirke/Barnehage

Denne søndagen har eg fått vere med på å feira kirka "Mirador"(Utsikten) som fyllte eit år. Kirkelokalet er kombinert kirke og barnehage. Denne søndagen var det familiegudsteneste. Her var det ca 100 frammøtte og god stemning. Barnehagebarna framførte ein sang, her var dukketeater, bursdagskake m.m.
På kirkeveg- Av bildet til venstre ser de vegen vi måtte forbi for å kome til kirka. Kirka og barnehagen er starta i ein fattig del av byen Arequipa.Vi er så og seie midt i søppeldynga. Vi måtte stenge bilvinduet når vi kjørte forbi her slik at ikkje lukta slapp inn.
Kirka er starta ev ein Peruansk pastor fra ei av dei andre kirkene våre .

I siste liten? Dei haldt fortsatt på å male medan folk kom. Det såg ikkje ut for at nokon reagerte på at dei ikkje var ferdige å male før møtet starta. Dei er so vande med å vere ute i siste liten her.





På bildet under ser de noken av barna i barnehagen.Det er 16 barn og ei førskulelærar.Det er plass til 25 barn i barnehagen, og fortsatt berre ein lærar.....Men det går visst godt. Barna er fornøgde og veloppdragne ser det ut til. Dei er heldige som får dette tilbudet. dei betaler svært lite for å gå i denne barnehagen

07 april, 2008

Feiring av Radio-2 år!







Denne helga har eg vore med på å feire at radioen i Mollendo by har blitt to år.Dei feira det med ein utekonsert der grupper fra ulike deler av Peru var inviteret. Av bilda ser doke litt av stemninga.Festen varte til langt på natt.