Tacna, Peru

08 februar, 2007

OSCAR- Uteligger

Hei, har lyst aa fortelle doke om Oscar uteligger som eg har blitt kjent med den siste uka her i Cusco. Denne litt sjuskete mannen kom paa kirkedoera fredag og ymta frampaa om at han gjerne ville ha litt hjelp. Han spurte til sist om han kunne faa eit pledd. Det ville eg daa gjerne gi han, men han maatte kome tilbake dagen etterpaa slik at eg kunne hente eit pledd til han. Saa sa eg ogssaa at daa kunne han faaa snakke med den nye pastoren vaar, Milton. Vi vil jo gjerne hjelpe baade materielt og aandeleg. Ville han komme tilbake dagen etterpaa?? Han kom, og det foer tida(som ikkje er so vanleg her i peru). Han fekk teppet sitt og ogsaa mange timers prat med pastoren og ein film i kirka som vi viste for nye ungdummar som vi hadde moett i parken.
Oscar har komt tilbake dag etter dag paa alle aktivitetar vi har i kirka. Han har ogsaa tatt imot Jesus! og oensker no aa kome seg ut av den vanskelege situasjonen han befinner seg i som uteligger. Den nye pastoren vaar, Milton, er veldig flink til aa prate med slike som har komt paa kjoeret.Oscar bur foreloepig utforbi ein bank i sentrum. (eg har ikkje besoekt han enda.....). Men eg ser forandring fra dag til dag. I gaar kom han med nyklipt haar og meir stelte kleder. Pastor Milton veit best korleis hjelpe han. Vi gir ikkje ut pengar, men vi hjelper han foerst og fremst og faa papirene sine i orden slik at han kan soeke seg ein jobb. Ver med aa be for Oscar om at han maa naa maalet sitt og ikkje bu paa gata so mykje lengre. Be ogsaa om at medlemmene i kirka maa ta godt imot han. Det er litt for lett aa stoete han ifra seg virkar det som.